Før, før, etter, etter
I 1982 går ein samlar kring i Messelgruva ved Darmstadt i Tyskland. Det
er ein samlar sitt lodd i livet å ha auga festa til bakken, blikket raskt
hoppande og saumfarande. Klar til å sjå all verdas potensiale i det ein måtte
ha føre seg er verdt å samle på. Om akkurat det denne Samlaren samlar på er stein
eller kvist eller noko heilt anna, veit ein ikkje, i skriftlege kjelder er Samlaren
berre omtala som «privat». Kan hende var det tilfeldigheiter, flaks som møtte
potensiale. Kan hende noko så enkelt som eit heldig spark i riktig stein. Kor
det enn måtte ha seg enda Samlaren opp med å finne ho. Ida. Vetle Ida, med
mjølketennene framleis i behald.
Kor lenge har ho låge der, nedi bakken i det tyske gruvelandskapet kor ein koka
olje ut or skifer, vrei saft ut or gråstein? Dei lærde stridas, men sist
mjølketenna hennar gnog svaltent på lauv eller gras, var omlag 47 millionar år
sidan.
I 1982 vart ein annan Samlar fødd. Han vaks opp i ei bittelita bygd på
Vestlandet, med eit namn som minner om ein sport. Ein sport spela av fleire enn
det er menneske som bur på denne bittelille staden. Samlaren bit mjølketenna
saman, drøymer seg vekk til ein annan stad, medan han sparkar i stein og ser
all verdas potensiale. I ein tråd, i ein stein, i eit røyr.
For somme ligg romantikk forankra i tanken om at det som har kome frå jorda,
ein gong skal kome attende. Utan å sette spor, som om det er eit mål i livet å
ha gått gjennom det like stillfaren som ein kom til. Nedbrytbar, naturfarga og
økologisk.
Samlaren ristar på hovudet, sparkar i riktig kvist og gnissar mjølketenna runde,
som havet slipar stein. Samlaren veit det alle som kjem frå små stader veit.
Kjelda til romantikk og nærleiken til jorda kjem ikkje frå dette, denne
formålslause trongen til stillfaren forlate livet utan å sette spor i jorda ho
kjem frå.
Om 47 millionar år vert enda ein kvist tråkka på, riktig blad snudd, den rette
steinen løfta. Ein privat samlar har kome, blikket festa på bakken hen går på.
Kan hende det er tilfeldig. Eit sjeldan tilfelle kor flaks møter potensiale.
Der ligg han. Cato. Vaksne Cato, med ingen mjølketenner i behald. Kan hende spekulerast
det høgt i lystige lag, for Cato ligg ikkje einsam nedi den mørke, romantiske jorda.
Ikkje nedbrytbar, ikkje naturfarga og slett ikkje økologisk.
Sveipa i polyester ligg han, med noko ved si side, som strekk seg utover seg
sjølv og den menneskelege kropp. Eit verkty? Eit reiskap? Ei forlenging av all
verdas potensiale?
Det rislar i vitskaplege kretsar; det undras i akademiske fellesskap. Kva i
alle dagar skal dei bety, desse konstruksjonane?
Cato Sumarfuglfangar, Cato Krigaren, Cato Høgdehoppar? Dei klør seg i hovudet,
prøver desperat å gripe fatt om det uhandgripelege. Gåta Cato, og det dei fann
ved hans side. Kva lo han av? Kva trudde han på? Kva skjedde?
Er det spor av ein gamal fangstmetode, desse underlege stålstengene? Vitnar dei
om behov for ly, for tryggleik og vern? Er dei kan hende hyllestar til
skikkelsar frå fordumstid, ei bøn om å late det regne, ein abstrakt tommel opp
til ein kul fest?
Dei lærde møtes; flokkar seg til på åstaden. Det er om å gjere å vere tettast
på kor det skjedde, i ettertid begeistra kunne utbryte; «eg var der då dei fann
han!».
Mellombels held Cato tyst. Det er ikkje eit ord å få ut or han, ikkje noko saft
som sildrar frå gråsteinen.
All verdas romantikk fins ikkje i komposten. Denne tanken om jorda som rein og
uskuldig, at det som kjem ut ho er ekte og rett, er også konstruert, slik det
er med all verdas hus og byggverk. Aluminium fell til bakken i flak. Tommel opp
for kul fest. På laurdagen sluker menneske i seg søyler av mat, sveipa i tynne
lag av metall. Saus som renn på bakken. Kva åt du, Ida og kva åt du, Cato?
Begge møter verda med gnissande tenner. All verdas potensiale; ein tekstil, eit
materiale, eit løfte om at i morgon vert enklare. Bua former, skjøre bitar.
Cato Olympisk utøvar, Cato Hundepassar, Cato Smykkesmed?
Ein kokong av rysjar og sateng, viskose og skulderputer. Kan ein samle på
funksjon, lukte seg fram til moro? Å samle er å tenkje på framtida, ha ei
fornemming om kva som kan skje når flaks møter potensiale. Plukke i riktig
fiber, spare på tvåger, spleise gamle laken. Det ein samlar, skal ein også gje
ein plass til sist. Binde saman, føye inn i ei større heilheit. Med strips, med
teip og med knutar, som om det er tvingande naudsynt med klam nærkontakt. Skarpe
stenger, innsnurpa band. Vert det meir til å halde ut når bandet som strammar
inn er bunde som ei sløyfe? Var det dette som skjedde med Ida, blodårar som
snirkla seg kring og stramma for hardt? Ida er så nær å vere komplett. Berre
leggen manglar. Ei ufullstendig samling; det manglande bein. Kva så med deg,
Cato?
47 millionar år er lang tid. Til og med for stein. Stålstenger tvinger seg ut,
pressar seg opp og fram som jordas framandlekam. Eit manglande bein, eit
gryande exoskjelett?
Mykje i verda er tilfeldig. Hadde Ida vore smart, hadde ho symja. Klappa
mjølketennene saman i sprellande fisk, ikkje i beiskt lauv. Kanskje hadde ho søkke
til botn, forskansa seg i porøse hòler, langsamt verte til hydrokarbon for så å
47 millionar år seinare verte til kevlar, vinyl eller kanskje til skulderputer
av polyester. Samla av ein som tråkker på kvist, snur på blad, trekker i riktig
tråd. Flaks møter potensiale.
Tekstilar tvinnas rundt si eiga akse. Skål, skoliose, viskose. 47 millionar år
er ingenting for sumarfuglane. Mor, bær, spinner. Tynne, sterke, blanke.
Syntetiske og regenererte fibrar som mjuknar ved oppvarming, smeltar saman og
stivnar att når dei vert kjølt ned. Cato som tvinger kalde stålstenger gjennom glatt
silke, kastar spyd i sprøtt tyll.
Avrivne biter av drakter nytta til fest lagt over einannan, kapslar kvarandre
inn. Finn saman og vert til konkave og konvekse former. Den halve sirkelen, lukka
og open. Eit skjold mot verda, eit nett for å ta ho imot.
Også dette kjem utav den reine, uskuldige jorda; polyester som sveiper seg som
ei hud over plantene sine stenglar og blad. Kutikula, ei hinne. Kan hende som
ein halv sirkel, beskyttande mot å late for mykje vatn forlate planta. Kutikula,
ein av dei mest motstandsdyktige delane av planter, ofte bevara i fossil. Som
Ida, med mjølketennene i behald. Som fossil som langsamt vert til hydrokarbon,
for så å 47 millionar år seinare verte til kevlar, vinyl eller kanskje
skulderputer av polyester. Syntetiske og regenererte fibrar mjuknar ved
oppvarming, smeltar saman og stivnar att når dei vert nedkjølte. Alt som vert
laga i verda, er laga av det som er i ho. Nedbrytbar, naturfarga og økologisk.
Trådar av metall som tvinnas rundt stenger av stål. Lik fjæra i klypene på ei
snor, haldande fast i tekstiler veivande som flagg i vinden. Halve sirklar med
metall som snirklar seg ut og inn i veva fiber med tette masker. Cato som
stryker varsamt over all verdas potensiale, smeltar det saman i konkave og
konvekse former.
Vatn som forlata jernet, saft vridd ut or gråstein. Hyllestar til fordumstid,
ei bøn om å late det regne. Cato med auga festa til bakken, blikket raskt
hoppande og saumfarande. Det ein samlar skal ein også gje ein plass til sist.
Laken, fatle, stålstenger. Det manglande bein?
Sara Kollstrøm Heilevang
17.05.21
VIND AUGE
Vestlandsutstillingen 2021
Foto: Maya Økland /Vestlandsutstillingen